mandag 1. oktober 2007

Lister forts.

Tre bøker med lister:
"Naiv.Super" av Erlend Loe
"San Fransisco" av Erik Riley
"High Fidelity" av Nick Hornby

Hadda har lagt ut sine beste fem - nokon fleier som tek utfordringa? Eg lover eg vil komme med mine favorittar etterkvar - kanskje viss fem andre og kjem med sine...

E

fredag 28. september 2007

Lister!

Kva er ei god bok, og kvifor? Kva er ein god cd, song, film, dataspel, heimeside, blogg - og kvifor? Norskfaget er eit kulturfag der ein skal forsøke å bruke også det ein kan frå før som ballast, inspirasjon, samanlikning og forkunnskap for å forstå nye tekstar frå ulike tidsperiodar. Men det som eg synest er ei god bok er kanskje ikkje det same for deg - og dine tilrådingar kan kanskje gi meg nye lese, - film, og musikk-opplevingar.

Hedda sin ordentlege blogg (denne vil er sterkt tilråde dykk til å sjå på) har fleier lister, og det er det eg vil de skal lage på bloggen dykkar nå. Lag lister over dei 5 beste bøkene, cd-ane, låtande, filmane, heimesidane, spela... Lag ei eller fleire lister over nokon område de finn interessante. Etterpå kan de sjekke ut listene til dei andre i klassa - og gi ein kommentar?

torsdag 20. september 2007

Imagine

Imagine - John Lennon

Kanskje verdas mest kjente song. Ho blei skrive på byrjinga av 1970-talet - mange år før de blei fødd.

Kan denne songen seie noko om den tida ho blei skrive i - og ikkje minst: Er denne songen aktuell for dykk i dag - i 2007? Kva tankar har de om "Imagine"?


Imagine there's no heaven
It's easy if you try
No hell below us
Above us only sky
Imagine all the people
Living for today...

Imagine there's no countries
It isn't hard to do
Nothing to kill or die for
And no religion too
Imagine all the people
Living life in peace...

You may say I'm a dreamer
But I'm not the only one
I hope someday you'll join us
And the world will be as one

Imagine no possessions
I wonder if you can
No need for greed or hunger
A brotherhood of man
Imagine all the people
Sharing all the world...

You may say I'm a dreamer
But I'm not the only one
I hope someday you'll join us
And the world will live as one

Skriv kva de vil i bloggen - har "Imagine" gitt inspirasjon?

torsdag 6. september 2007

HUGS BLOGGADRESSER

Hei.
No er det fleire som har laga fine bloggar og publisert nokon tankar om første skuledag. Kjempefint. Men hugs å leggje ut blogg-adressane i mappa "Bloggadresser" på Fronter.

mandag 3. september 2007

Innstillingar

Når de har oppretta bloggen vil eg at de skal gå på "Innstillinger" - Send som e-post og skriv inn e-postadressa mi i opninga der: elisabeth.kristoffersen@sfk.no. På den måten vil eg få ei melding om at du har lagt ut eit innlegg utan å gå innom alle bloggane.

De kan og begrense kven som kan lese bloggen dykkar. Gå på "Instillinger" - tillatelse og velg "Hvem som helst", "Bare personer som jeg velger", "Bloggforfattere". Dersom de vil begrense personar som kan lese bloggen vil eg anmode om at de vel "Bloggforfattere" - elles må de vente til alle i klassen har oppretta sin blogg for deretter å føre opp alle elevane i klassen.

Noko av ideen med ein blogg er at han er offentleg - med alle de moglegheitane det har, men og avgrensingane. Til dømes: Ikkje bruk heile namn, ikkje oppgi detaljar om deg sjølv eller andre, ikkje legg ut bilete som kan misbrukast eller som er ulovlege ...

Korleis opprette ein blogg

No har eg oppretta ein klasseblogg til 2STF der eg vil ha linkar til alle bloggane i klassen, der eg vil leggje ut tankar og synspunkt eg trur de kan ha glede av osb. Dette er eit lite forsøksprosjekt, og eg håpar at forsøket blir vellykka slik at nokon lærar litt meir om sjangeren blogg, om kva ein kan bruke Internett til, om skriving, kommentarar, refleksjon og ...?

Lykke til med opprettinga av bloggen dykkar! Her kjem ein liten mal om korleis de kan gjere det:

Gå inn opp www.blogger.com
Registrer deg som brukar. Bruk e-postadresse som brukarnamn. Aktiver eventuelt kontoen din med å gå til e-posten din og opne mailen du får frå blogger derifrå.
Følg dermed "oppskrifta"
1) Opprett ein blogg.
2) Skriv inn tittel / navn på bloggen din. Hugs at dette er ei offentleg side (som du kan avgrense), så det kan vere ein ide å skjule identiteten din litt. Men ha gjerne med noko om skole i tittelen/ 2stf
3) Lag ei bloggadresse.
3) Vel ein mail til bloggen din. Denne kan du endre etterkvart, men det kan vere greit å velje ein du likar no.
4) Bloggen er oppretta - du kan skrive ditt første innlegg! Som skulle vere ein refleksjon over korleis det var å byrje på skulen igjen. På nynorsk.

NBNBNBNB Send meg ein mail om kva adressa på bloggen din er - så kan eg opprette ei lenkesamling over alle i klassa! Send adressa til mailen min: eliabeth.kristoffersen@stfk.no

Lykke til