mandag 3. september 2007

Korleis opprette ein blogg

No har eg oppretta ein klasseblogg til 2STF der eg vil ha linkar til alle bloggane i klassen, der eg vil leggje ut tankar og synspunkt eg trur de kan ha glede av osb. Dette er eit lite forsøksprosjekt, og eg håpar at forsøket blir vellykka slik at nokon lærar litt meir om sjangeren blogg, om kva ein kan bruke Internett til, om skriving, kommentarar, refleksjon og ...?

Lykke til med opprettinga av bloggen dykkar! Her kjem ein liten mal om korleis de kan gjere det:

Gå inn opp www.blogger.com
Registrer deg som brukar. Bruk e-postadresse som brukarnamn. Aktiver eventuelt kontoen din med å gå til e-posten din og opne mailen du får frå blogger derifrå.
Følg dermed "oppskrifta"
1) Opprett ein blogg.
2) Skriv inn tittel / navn på bloggen din. Hugs at dette er ei offentleg side (som du kan avgrense), så det kan vere ein ide å skjule identiteten din litt. Men ha gjerne med noko om skole i tittelen/ 2stf
3) Lag ei bloggadresse.
3) Vel ein mail til bloggen din. Denne kan du endre etterkvart, men det kan vere greit å velje ein du likar no.
4) Bloggen er oppretta - du kan skrive ditt første innlegg! Som skulle vere ein refleksjon over korleis det var å byrje på skulen igjen. På nynorsk.

NBNBNBNB Send meg ein mail om kva adressa på bloggen din er - så kan eg opprette ei lenkesamling over alle i klassa! Send adressa til mailen min: eliabeth.kristoffersen@stfk.no

Lykke til

Ingen kommentarer: