mandag 3. september 2007

Innstillingar

Når de har oppretta bloggen vil eg at de skal gå på "Innstillinger" - Send som e-post og skriv inn e-postadressa mi i opninga der: elisabeth.kristoffersen@sfk.no. På den måten vil eg få ei melding om at du har lagt ut eit innlegg utan å gå innom alle bloggane.

De kan og begrense kven som kan lese bloggen dykkar. Gå på "Instillinger" - tillatelse og velg "Hvem som helst", "Bare personer som jeg velger", "Bloggforfattere". Dersom de vil begrense personar som kan lese bloggen vil eg anmode om at de vel "Bloggforfattere" - elles må de vente til alle i klassen har oppretta sin blogg for deretter å føre opp alle elevane i klassen.

Noko av ideen med ein blogg er at han er offentleg - med alle de moglegheitane det har, men og avgrensingane. Til dømes: Ikkje bruk heile namn, ikkje oppgi detaljar om deg sjølv eller andre, ikkje legg ut bilete som kan misbrukast eller som er ulovlege ...

Ingen kommentarer: